Om Oss

BlomeHeim er ei abonnementsteneste utvikla av arbeids- og inkluderingsverksemdene Knarvik Industri og Miljø (KIM) og Gløde AS. Visjonen bak tenesta er ynskje om å skape glede og hygge til eldre som bur i eldreinstitusjonar – sjukeheimar eller omsorgsbustader.

Mange pårørande bur kanskje langt unna, og har mindre moglegheit til å komme ofte på besøk. Med eit personleg blomeabonnement kan du annakvar veke sende ei helsing som varmar! Me leverer blomehelsinga direkte til dine kjære der dei bur.

BlomeHeim er ei perfekt gåve for å glede mor, far, bestemor, bestefar eller nokon som står deg nær! Blome på nattbordet spreie glede, nærleik og omsorg – i kvar bukett. Blomar som varmar, minne som varer


Ordninga fungerer slik:


I boksen «Val av sjukeheim» kan du velje den sjukeheimen du ynskjer levering til. Her finn du mellom anna informasjon om kva arbeids- og inkluderingsbedrift som leverer til din sjukeheim. Her finn du og informasjon om pris og korleis du går fram for å bestille.

Ved å velje BlomeHeim er du og med på å skape verdifullt arbeid for arbeidstakarane i den aktuelle arbeids- og inkluderingsverksemda. Våre medarbeidarar står klare annakvar veke for å levere blomehelsinga dit den skal.

Eit blomeabonnement sikrar flotte blomar levert direkte til mottakar av nokon som verkeleg bryr seg – Arbeid til alle, og blome til dei som fortener det!

Meld inn di arbeids- og inkluderingsverksemd

Kjenner du ei arbeids- og inkluderingsverksemd som kunne tenke seg å vere med i dette konseptet - BlomeHeim? Har dei ein sjukeheim som dei kan levere til? Trykk på knappen under for meir informasjon.