Korleis fungerer det?

Scann QR-koden på din mobil eller gå inn på Vipps nummeret. Her får du opp to val:

  • BlomeHeim 6 leveringar (kr.1.350,-)
  • BlomeHeim 12 leveringar (kr. 2.700,-)

Skriv så inn summen, og hugs å skrive inn namnet i kommentarfeltet på personen som skal motta blomane på sjukeheimen!

Vipps: 959089

Knarvik Sjukeheim og KiM

Ved å velje eit blomsterabonnement til Knarvik Sjukeheim, er du også med på å skape verdifullt arbeid for arbeidstakarane i Knarvik Industri og Miljø.

Her står medarbeidarar klare for å levere blomane dit dei skal.

Knarvik Industri og Miljø har 30 VTA-plassar og utfører eit mangfald av tenester.

Filosofien til KiM er tanken om at alle som ønskjer å vere i arbeid, skal få moglegheit til det. Bedrifta består av dyktige, blide og hyggelege medarbeidarar, som har stor glede av jobben sin.

Les gjerne meir om tilbodet til Knarvik Industri og Miljø på www.k-im.no.